Kort fortalt

Vil ha cruisehamn i Sykkylven

Fred Olsen Cruise Lines er interessert.

03.03.2020
NPK: Sykkylven i Møre og Romsdal ønskjer å etablere seg som ei ny cruisehamn på Nordvestlandet.
– Vi har mykje å gå på når det gjeld å utvikle reiselivsnæringa i kommunen. Rett nok har vi stor nærturisme, med 5–600 hytter på fjellet. Men dette vi no arbeider med blir noko heilt anna, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug i Sykkylven til avisa
Fred. Olsen Cruise Lines har varsla at dei ønskjer å kome til ei cruisehamn i Sykkylven.
– Og det før vi har begynt å marknadsføre oss, seier dagleg leiar Åse Helene Folstad i Sykkylven Næringsutvikling til avisa.
Sykkylven Næringsutvikling har òg tatt kontakt med Stranda hamnevesen, som har meir erfaring med cruiseturisme, for å høyre om det er mogleg å få til eit samarbeid og kanskje ein driftsavtale.

Publisert: 03.03.2020 10:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30