(NPK): Utprøvinga av fangstprøvelotteriet for sild og kolmule er i år utvida til òg å gjelde makrell, brisling og augepål, og Havforskingsinstituttet oppmodar no både fiskefartøy og fiskemottak til å vere med frå starten av makrellfisket.
– Sjølv om dette systemet er nytt, så har vi ingen plan B, understrekar havforskar Leif Nøttestad i Havforskingsinstituttet.
– Deltaking i fangstprøvelotteriet er kanskje noko av det aller viktigaste industrien kan gjere for fiskeriforvaltninga framover, seier Nøttestad.
Fangstprøvelotteriet går ut på at fartøya som er med, melder inn fangsten sin til Havforskingsinstituttet gjennom ei elektronisk fangstdagbok. Då får fiskarane kjapt ei melding tilbake dersom havforskarane ønskjer seg ei prøve av fangsten. Ordninga skal sikre meir representative fangstprøver, som igjen skal gi meir presise kvoteråd på sikt.
I 2019 var 107 fartøy med i lotteriet, som Havforskingsinstituttet no ønskjer å gjere obligatorisk for heile fiskeflåten.
(©NPK)

Publisert: 29.01.2020 13:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30