Helge André Njåstad (Frp) og Tobias Drevland Lund (R) sit begge kommunalkomiteen, og meiner den eksisterande gratisferjeordninga skapar forskjellsbehandling ved at båtruter utan bildekk ikkje er innlemma i ordninga. No vil dei utfordre regjeringa.
– Frp har heile tida meint at også båtruter bør bli gratis. Det er feil at det er avgjerande at det er dekk til ein bil for om turen skal koste ingenting eller hundrevis av kroner. Mange av desse øyane har endå større distriktsutfordringar og båtruter burde derfor vore med i opplegget, seier Helge André Njåstad.
Saman ynskjer Raudt og Framstegspartiet no å utfordre regjeringa på den eksisterande ordninga:
–Regjeringa skal ha skryt for ordninga med gratis ferje. Likevel har ordninga manglar i all den tid ordninga ikkje også omfattar båtruter. Det gir inga meining å skilje mellom båtruter og ferjeruter slik som det blir gjort no. Derfor foreslår Raudt saman med Frp å innlemme båtruter utan omkøyringsveg i ordninga med gratis ferje. Det fortener alle innbyggjarane langs kysten vår som er avhengig av ei båtrute, seier Tobias Drevland Lund.
Publisert: 14.12.2022 08:17
Sist oppdatert: 14.12.2022 08:19