Kort fortalt

Vil ha handlingsplan mot fritidsbåtulukker

Sjøfartsdirektøren uroleg over ulukkestal.

19.04.2018
NPK: Så mange som 325 personar har mista livet i samband med bruk av fritidsfartøy dei siste ti åra. No ønskjer sjøfartsdirektøren politisk hjelp for å få på plass ein nasjonal handlingsplan etter modell av nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik.
– I den nasjonale tiltaksplanen mot ulykker i vegtrafikken ligg det ein nullvisjon, og utviklinga viser at ulykkene i trafikken går ned. Ein av faktorane til dei gode resultata trur eg heng saman med ei brei nasjonal satsing. Dette må vi no også få til innan arbeidet med å førebyggje ulykker med fritidsfartøy, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.
Sjøfartsdirektøren vil bruke den nasjonale fritidsbåtkonferansen i Haugesund denne veka til å setje fokus på denne bodskapen. Forutan auka ressursar til haldningsskapande arbeid, trur Akselsen på eit betre samarbeid mellom dei ulike aktørane, slik det er gjort for bilistane.
– Vi treng ein felles nullvisjon når det gjeld ulykker på havet, på lik linje med vegtrafikken, der alle relevante aktørar er med å forme ut ulike tiltak. Desse tiltaka må deretter prioriterast politisk dersom ein ønskjer å få til ei effektiv positiv utvikling, påpeiker Akselsen.
Talet på omkomne i ulykker ved bruk av fritidsbåt har dei siste 10 åra i gjennomsnitt vore over 33 per år. Til samanlikning er snittet for den kommersielle flåten, inkludert fiskefartøy, 12 omkomne per år (dei siste 5 åra er snittet gått ned til 10).

Publisert: 19.04.2018 12:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39