Kort fortalt

Vil ha hjelp til å hindre sjømatstopp

Ber regjeringa ta grep.

23.03.2020
(NPK-NTB): Fleire eksportselskap melder om aukande utfordringar knytt til lågare rammar for kredittforsikring. No ber Sjømatbedriftene regjeringa om å ta grep.
Administrerande direktør i sjømatbedriftene, Robert Eriksson, seier i ei pressemelding at det vil bli behov for snarlege tiltak overfor kredittforsikringsselskapa. Han meiner regjeringa må komme på banen for å sikre utvida rammer og kredittid.
Regjeringa har komme med krisepakkar retta mot fleire delar av norsk næringsliv etter virusutbrotet. Sjømatbedriftene ber no om at ikkje sjømatnæringa blir gløymd.
– Med rammene som no eksisterer, vil det ikkje bli lenge før mange får betalingsproblem, og at betalingstida vil bli strekt ut i tid. Derfor trengst det større rammer, seier Eriksson.
– Viss ikkje er det berre eit tidsspørsmål før alt stoppar opp, seier han vidare.
Dersom eksporten skulle stoppe opp på grunn av for låge kredittgarantiar vil det få store konsekvensar for matforsyning, meiner Eriksson.
– Vi treng at regjeringa er raskt ute med tiltak som kan sikre større kredittrammer, og utvida vilkåra til betaling i form av lengre betalingstid. Dette gjeld både for ut- og innland, avsluttar Eriksson.
(©NPK)

Publisert: 23.03.2020 09:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29