Kort fortalt

Vil ha meir støtte til hydrogensatsing

Aktørar på Nordvestlandet møtte statssekretær.

NPK
18.03.2021

(NPK): Fleire næringsaktørar på Sunnmøre at meiner staten bør dekkje ein større del av ekstrakostnadene i startfasen av gode hydrogenprosjekt.

Sunnmørsposten melder at fleire viktige personar innanfor politikk og næringsliv torsdag hadde eit digitalt møte med statssekretær Mathias Fischer (V) i Klima- og miljødepartementet.

Temaet var konkrete hydrogenambisjonar frå Flakk, Hofseth, Fiskerstrand og HAV-gruppa.

Knut Flakk og Norwegian Hydrogen har mål om å få på plass produksjon og infrastruktur. I første omgang er det snakk om eit anlegg på Hellesylt, som ligg ved inngangen til Geirangerfjorden. Målet er å bidra til nullutsleppskiftet som skal kome seinast i 2026.


Flakk reknar med at ferjedrifta på verdsarvfjorden er stipulert utsleppsfri alt i 2023.

– Vi er i startgropa og er klare til både å levere og produsere grøn hydrogen, men vi er avhengige av kundar, seier han.

Flakk ser både på ferjeselskap og havbruksaktørar som høgaktuelle kundar i området. No håpar han på betre støtteordningar i den første fasen, men han reknar ikkje med at det er behov for støtte på sikt.

Publisert: 18.03.2021 17:21

Sist oppdatert: 18.03.2021 17:26

Mer om