Kort fortalt

Vil ha meir veg for pengane

Lovar kostnadene ned i Statens Vegvesen.

28.01.2020
NPK-NTB: Noregs nye vegdirektør Ingrid Dahl Hovland lovar at kostnadene skal ned i Statens vegvesen.
– Vi skal ha meir for pengane, vise at vi kan bruke ny teknologi og få opp nytten for trafikanten. Nytten skal opp. Kostnadene skal ned, seier Hovland til Stavanger Aftenblad.
Ho tok over jobben 1. november og kom frå jobben som administrerande direktør i Nye Veier AS. Der kutta ho kostnadene og auka utbyggingstakta på motorvegane i landet.
– Nye vegar vart etablerte som ein utfordrar og fekk andre føresetnader og rammevilkår. Det gjer det mogleg å bygge meir kostnadseffektivt, seier vegdirektøren som også skal leie etaten gjennom ei stor omorganisering.
Ansvaret for fylkesvegane i landet blir lagde til fylkeskommunane, og Statens vegvesen skal gå frå fem regionar til seks divisjonar. Omorganiseringa er så stor at det kan bli 2022 før Vegvesenet er heilt klar, skriv Aftenbladet.
Ei anna utfordring er utsetjinga av Rogfast. Gigantprosjektet er ein del av ferjefri E39, og Statens vegvesen avlyste i haust ein av kontraktane i prosjektet på grunn av for høge kostnader. Samferdselsdepartementet har derfor kravd at Vegvesenet reknar på kostnadene på nytt. Ei avgjerd er venta før påske.
– Eg trur det er veldig stort sannsyn for at Rogfast vil bli gjennomført. Det kjem ikkje minst av den høge samfunnsøkonomiske lønnsemda. Men den endelege avgjerda ligg hos politikarane, seier Hovland.

Publisert: 28.01.2020 08:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30