NPK-NTB: Sjømatbedriftene ber regjeringa kontakte russiske styresmakter for å få lov til å flyge norsk laks over Russland. Elles stoppar eksporten, seier organisasjonen.
I fjor vart det sendt 260.000 tonn norsk laks med fly, det meste med passasjerfly. Når fleire fly blir sette på bakken, fryktar Sjømatbedriftene at eksporten stoppar heilt opp.
Selskapa som kan bidra, har ikkje trafikkrettar i dei nødvendige korridorane i luftrommet, og den største avgrensinga er luftrommet over Russland, påpeikar administrerande direktør Robert Eriksson i ei pressemelding.
– Samferdselsministeren må på banen. Eg ønsker at han opprettar kontakt med den russiske kollegaen sin for å sjå på moglegheita for å få til ein dispensasjon for det russiske luftrommet, slik at flyselskap som no kan hjelpe, får moglegheita til å flyge sjømat ut til marknadene som spør etter meir norsk sjømat, seier han.
Eriksson opplyser at etterspørselen er stor i Kina, Hongkong og Sør-Korea.

Publisert: 27.03.2020 09:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29