Kort fortalt

Vil ha reiselivet med på #vierher

Visit Nordfjord med film som skal gi håp.

29.03.2020
- Medan verda er i endring, forblir naturen i Nordfjord den same. Den venter tolmodig på deg og vil ta deg vel i mot deg når du igjen er fri til å reise og oppleve det villaste havet i Norge ved Stad, den største fastlandsisbreen i Europa, spektakulære fjell og dalar og dramatisk kystlandskap.
Det skriv markndadssjef Beate Vik Hauge i Visit Norfjord etter at selskapet har laga ein film som frå i dag er tilgjengeleg i sosiale media.
Filmen viser samhald, tolmod og håp. Stryningen og verdsmeister Johannes Thingnæs Bø har forteljarstemma i filmen som gjev håp om at den normale kvardagen kjem tilbake.
Visit Nordfjord inviterer med dette heile reiselivs-Norge til eit felles opprop og vi håper at destinasjonsselskap frå heile Norge skal henge seg på emneknaggen #vierher, og legge ut sine filmopptak i sine kanalar under emneknaggen #vierher.
Folk skal få vite at #vierher og «vi ventar på deg», skriv Vik Hauge.

Lenke til film:



Publisert: 29.03.2020 19:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29