NPK-NTB: Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet vil at eit utval skal sjå på lønns- og arbeidsvilkåra for sjøfolk i norske farvatn.
Arbeidsvilkåra til sjøfolk som jobbar i norske farvatn, vart tema i Stortingets munnlege spørjetime onsdag. Ap-leiar Jonas Gahr Støre viste til døme på ekstremt låge lønningar, også på skip som går mellom norske hamner, noko som fører til færre norske sjøfolk.
– No har to uavhengige utgreiingar, éi bestilt av regjeringa, vist at det er fullt mogleg å stille krav om norske lønns- og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel. I går fekk vi òg eit konkret lovforslag, utarbeidd på Nordisk institutt for Sjørett, på korleis det kan gjerast, sa Støre.
No har Ap, SV og Sp foreslått at eit partssamansett utval skal setjast ned og kome med konkrete løysingar.
– Vil statsministeren sørgje for å setje ned eit slikt utval for å sikre rettferd for sjøfolka som jobbar hos oss og for oss? spurde Ap-leiaren.
Statsminister Erna Solberg (H) ville ikkje love eit slikt utval, men viste til at regjeringa kjem med ei stortingsmelding om maritim politikk til hausten.
– Denne saka byr på mange og ulike vurderingar, både juridisk og næringspolitisk. Vi har ikkje tatt stilling til dette spørsmålet. Vi er i tett kontakt med partane i næringa og vil ha grundige innspel frå begge sider, sa ho.

Publisert: 12.02.2020 10:46
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30