NPK: Generalsekretæren i Norsk elbilforening meiner hurtigladestasjonane i Noreg har eit forbetringspotensial.
Det er omkring 300.000 elbilar på norske vegar, som gjer Noreg til det landet i verda med høgast tal elbil per innbyggjar, .
Likevel er det framleis få ladestasjonar i landet. Norsk elbilforening anslår at det vil vere omkring éin million elbilar i Noreg i 2025, og ønsker difor utbygging av ladestasjonar.
– Vi ønsker først og fremst å få på plass ladestasjonar kvar 50. kilometer langs fylkesvegane, og store ladeparkar med minst 50 hurtigladarar for kvar 150. kilometer langs hovudvegnettet i Noreg, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening til Bergens Tidende.
Bu trekker fram at løysinga til Tesla er god, og at det er ei utvikling som kjem til å kome på andre elbilar òg.

Publisert: 07.08.2020 16:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25