Kort fortalt

Vil hindre overfiske av leppefisk

Vil ha mindre inngangar i teinene.

03.11.2020
NPK: Berggylte blir brukt til avlusing i lakseoppdrett og er den av leppefiskane som er mest utsett for overfiske. Mindre inngangar i teinene vil redusere problemet, meiner Havforskingsinstituttet.
I årets leppefiskeråd til Fiskeridirektoratet tilrår Havforskingsinstituttet at kvotane for berggylte neste år ikkje blir høgare enn årets nivå, som er fire millionar individ på Sørlandet, 10 millionar på Vestlandet opp til Stad-området og fire millionar lenger nord.
Forskarane meiner også at det bør innførast krav om mindre inngangar i teinene for å redusere fangst av berggylte, spesielt dei store. Det bør også innførast eit krav om enderist, i staden for dagens små fluktopningar.
– Berggylte er den leppefiskarten som er mest utsett for å bli overfiska. Så mindre opningar vil bety at risikoen for at dette kan skje blir redusert, seier forskar Kim Halvorsen på nettsida til .
Ulempa med mindre opningar i teinene, er at dei vil fange fleire bergnebbar, spesielt dei under minstemålet.
– Derfor anbefaler vi også at det vert innført eit krav om heildekkjande enderist i staden for dagens små fluktopningar på sida av teinene, seier Halvorsen.
På denne måten har småfisken større sjanse til å finne vegen ut når teinene vert trekte.

Publisert: 03.11.2020 12:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24