Kort fortalt

Vil ikke ha seismikk i gyteområde for torsk

Havforskarar med råd om støy i havet. 

01.02.2021
(NPK): Den årlege rapporten om støy i havet er oppdatert med ny kunnskap og nye råd, mellom anna med omsyn til den pressa kysttorsken.
Kvart år gir Havforskingsinstituttet ut ein rapport som inneheld konkrete råd for ulike typar av støy i sjø. Rapporten i år gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlag for temaa seismikk, elektromagnetiske undersøkingar og sprengingsarbeid i sjø.
– Den har òg oppdaterte råd og frårådingskart, det vil seie kart som viser dei områda og periodar kor ulike typar støy blir rådd frå, seier havforskar Lise Doksæter Sivle i ei nyheitssak på nettsidene
– Det er gjort eit stort arbeid saman med Fiskeridirektoratet for å kartleggje gyteområde for kysttorsk. Dette arbeidet er no ferdigstilt for heile norskekysten, og gyteområde som potensielt kan påverkast av seismikk er no inkludert i frårådingskarta for seismikk, seier Sivle.
Kysttorsken har tidlegare ikkje vorte teken med i rådgivinga fordi den ofte gyter mellom holmar og skjer og i fjordar, der det sjeldan eller aldri blir skote seismikk. Likevel vil gyteområde som ligg ut mot opne hav, tidvis bli eksponerte for seismikk viss undersøkingane skjer nært kysten.
Dei mest eksponerte områda er derfor tekne med på frårådingskarta frå i år.
Seismikk er kraftige, lågfrekvente lydbølgjer som blir sende ned i havet for å kartleggje havbotnen for olje- og gassførekomstar.
(©NPK)

Publisert: 01.02.2021 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23