(NPK-NTB): Raudt vil at dei dyraste elbilane skal miste avgiftsfritaket og ber opposisjonspartia på Stortinget slå følgje.
– No blir det brukt over 10 milliardar i året på avgiftsfritak for elbilar, og det er 27 gonger så vanleg å ha ein elbil i familiar med god råd som i familiar med dårleg råd. Det blir skuffa milliardar av kroner over til dei som har mest, seier partileiar Bjørnar Moxnes til .
Han utfordrar Framstegspartiet til å stille seg bak kravet om at dei dyraste og mest luksuriøse elbilane ikkje skal sleppe unna avgifter. Moxnes leverte før helga inn eit forslag om å be regjeringa greie ut modellar for å pålegge dei dyraste elbilane avgifter.
Forslaget skal vere i samsvar med politikken til Arbeidarpartiet og Framstegspartiet. Senterpartiet vil at det framleis skal vere billegare å kjøpe elbil, men meiner òg desse bilane må betale vegbruksavgifter. I regjering tok Frp til orde for ei vektavgift på dyre elbilar, men dette vart fjerna i Stortinget av Venstre og KrF.
Forslaget frå Raudt skal komitébehandlast. Sjølv om det ikkje er i strid med kva Frp tidlegare har tatt til orde for, har partileiar Siv Jensen varsla at ingen forslag frå venstresida vil få deira støtte, men at partiet i staden vil fremme sine eigne forslag.
(©NPK)

Publisert: 03.02.2020 09:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30