NPK: Verftsnæringa er sterkt påverka av både oljeprisfallet og koronapandemien. No lyser Nærings- og fiskeridepartementet ut ein ekstern studie som skal kartleggje marknadssituasjonen i næringa og effekten av dagens verkemiddel.
– Verftsnæringa er ein viktig arbeids- og oppdragsgjevar langs heile kysten. Enkelte verft har hatt vanskelege år, medan andre har klart seg betre. No vil vi ha ein grundig analyse av norsk verftsnæring for å få ein peikepinn på kvar ho kan vere mest konkurransedyktig, seier næringsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.
Studien blir lyst ut på den offentlege portalen for offentlege innkjøp og har ei kostnadsramme på 750.000 kroner.

Publisert: 20.01.2021 13:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23