Kort fortalt

Vil opne minst 50 nye butikkar

Lågpriskjeder satsar.

15.01.2020
NPK-NTB: I fjor fall daglegvareprisane med 0,4 prosent. Likevel vil lågpriskjedene opne minst 50 nye butikkar i 2020.
– Marknaden er så å seie flatt. Bakgrunnen for stagnasjonen er samansett. Folk har vorte meir medvitne om eige forbruk og kastar mindre mat. Samtidig møter daglegvarebutikkane auka konkurranse gjennom bransjegliding og grensehandel, i tillegg til at folk handlar meir mat i farten, seier Kiwi-sjef Jan Paul Bjørkøy til .
Tal avisa har samla inn, viser at Rema forventar å opne 20 butikkar i 2020. Det gjer òg Kiwi. Coop Extra planlegg på si side å passere 500 butikkar i år, noko som svarer minst til 22 nye butikkar. Nokon av desse er omprofileringar frå søsterkjeda Prix, men minst eit tosifra tal skal vere reine nyetableringar.
Dei siste åra har det vorte etablert mange nye lågprisbutikkar, medan omsetningsveksten har vore låg.
– Eg er ikkje bekymra, men det er viktig å få opp att veksten. Det finst ulike måtar å gjere det på, ved å selje betre eller andre produkt. Vi har spissa oss mot bransjegliding ved å setje ned prisane på til dømes hygiene- og vaskeprodukt, seier Bjørkøy.
(©NPK)

Publisert: 15.01.2020 13:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31