NPK-NTB: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen fryktar for framtida til norsk skipsfart viss næringa blir lagt under EUs klimakvotesystem og ikkje ein global klimaavtale.
Skipsfarten, som ikkje er regulert i klimaavtalane, står for høvesvis 2,6 prosent av klimautsleppa i verda, skriv .
Før eit komande møte i London i den internasjonale skipsfartsorganisasjonen IMO står striden om ein skal innføra globale klimamål og om kor ambisiøse desse skal vera. Fleire aktørar ønskjer nullutslepp av karbon innan 2035, mens EU-landa føreslår 70–100 prosent kutt innan 2050.
– Vi er i forhandlingar. Eg vil streka under at Noreg har ein ambisiøs klimapolitikk og ønskjer å få IMO med på eit høgst mogleg ambisjonsnivå for reduksjon av klimagassar frå internasjonal skipsfart, seier næringsministeren til ABC Nyheter.
Røe Isaksen meiner ei forsiktig linje er best med tanke på den store norske maritime næringa og konkurransesituasjonen.
– Dette er ein ekstremt internasjonal bransje. Har du strenge reglar ein stad og ikkje ein annan stad, flyttar dei, seier han.
Viss det ikkje lykkast å få til ein global klimaavtale for skip, har EU varsla at dei einsidig vil la europeisk skipsfart betala, ved å involvera skipsfarten i klimakvotesystemet.
– Som ein stor skipsfartsnasjon vil vi då bli påført ei konkurranseulempe, seier Røe Isaksen, som med eit moderat ambisjonsnivå håpar det blir lettare å få verda med på ein avtale.

Publisert: 09.04.2018 18:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39