Kort fortalt

Vil sende hydrogen til Tyskland

Norsk-tysk samarbeid.

08.09.2023

(NPK-NTB): Noreg og Tyskland har eit mål om å få på plass leveransar av hydrogen frå Noreg til Tyskland innan 2030. No tek landa hydrogensamarbeidet eit steg vidare.

I ei pressemelding opplyser regjeringa at ei felles arbeidsgruppe skal følgje studien som ser på moglegheitene for transport av hydrogen og CO2 mellom Tyskland og Noreg.

Tysklands nærings- og klimaminister Robert Habeck seier at landa dermed tek neste steg mot målet om storskala hydrogenforsyning frå Noreg til Tyskland frå og med 2030.

– Noreg vil aktivt bidra i utviklinga av ein kommersiell hydrogenmarknad i Tyskland og i EU. Den vidare utviklinga av verdikjeda må fokusere på å sikre langsiktige, marknadsbaserte avtalar mellom industrielle aktørar som legg til rette for etablering av tilstrekkeleg tilbod og etterspurnad etter hydrogen, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) er godt fornøgd med at ein no kjem vidare med prosjektet.

– Samarbeid er den mest effektive måten å nå dei felles måla våre om grøn industrivekst og lågare utslepp, seier næringsministeren.

(©NPK)

Publisert: 08.09.2023 08:52

Sist oppdatert: 08.09.2023 11:24

Mer om