NPK-NTB: Flykanselleringar fører til at laksenæringa ikkje får levert til marknadene dei betener til vanleg. Eitt av alternativa er å sende laks med tomme passasjerfly.
I samband med at fly blir kansellerte, jobbar Firda Seafood Group AS og andre i laksenæringa med alternativ for å få levert til marknadene.
skriv at éi løysing er få fylle lasteromma på tomme passasjerfly med laks og aure.
– Det er sjølvsagt ein kostnad som kjem, men samtidig ønsker marknaden fisken. Inntrykket vårt er at kundane er villige til å akseptere ein prisauke, i alle fall viss vi deler på meirkostnaden ved å fly, seier gründer og konsernsjef Ola Braanaas i Firda Seafood til avisa.
Firda Seafood omsette for rundt éin milliard kroner i fjor. Rundt 10–20 prosent av det vart frakta ut av Noreg med fly.
Direktør Martin Langaas for flyfrakt i Avinor seier til Finansavisen at etterspørselen etter reine fraktfly globalt har skote i vêret dei siste dagane.
– Det har vore ein enorm auke. Problemet for sjømateksportørane er at prisane dei har vore vane til å betale står i fare for å ryke. Det er så mange som er villige til å betale meir for flyvfrakta enn kva dei norske sjømateksportørane er, seier han.
Langaas seier han er kjent med at fleire flyselskap vurderer å fly tomme passasjerfly berre for å få varer av garde. Frakta kan likevel måtte koste tre gonger det som er normalt.

Publisert: 17.03.2020 08:24
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29