NPK-NTB: Forbrukarrådet meiner Finanstilsynet må avgjere om det er brot på god forretningsskikk når bankar tilrår aktive fond utan meiravkasting som kan dokumenterast.
Ein analyse som har utført, viser at dei aktive fonda i sum ikkje slår indeksfonda – i stor grad på grunn av høgare kostnader.
– Eit enkelt dyrt aktivt forvalta fond kan gi meiravkasting, men gjennomsnittet av alle dyrt forvalta fond vil henge etter rimelege indeksfond. Ein rådgivar som lèt vere å opplyse om at den forventa avkastinga til eit dyrt fond er lågare enn eit passivt fond, feilinformerer kundane sine, seier fagdirektør Jorge Jensen i Forbrukarrådet til .
Forbrukarrådet har ifølgje Jensen etterspurd dokumentasjon frå enkeltaktørar og bransjen samla sett, utan å få noko.
– På bakgrunn av all eksisterande empiri bør tilsynsstyresmaktene ta stilling til om det er brot på god forretningsskikk å tilrå dyre fond utan dokumenterbar meiravkasting. Det er openbert at forbrukarane har vorte skadelidande av denne salspraksisen, seier fagdirektøren.
Eit passivt fond følgjer automatisk ein børsindeks. Desse fonda har låge gebyr, ofte 0,2-0,3 prosent av kapitalen per år.
I aktive fond vurderer forvaltarane selskap og plasserer pengar i aksjar med mål om å auke avkastinga meir enn avkastinga til referanseindeksen. Gebyret kan mange gonger liggje på 2 prosent av kapitalen per år.

Publisert: 23.11.2020 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24