NPK-NTB: Kystvakta har ikkje lenger tillit til NH90-helikoptera, etter 20 år med problem. Tidlegare kystvaktsjef Ottar Haugen håper Stortinget droppar helikopteret.
– Håpet mitt er at Stortinget droppar denne maskina som framtidig kystvakthelikopter. Og at dei startar opp ein heilt ny innkjøpsprosess, seier Haugen til .
Denne veka gjekk han av som kystvaktsjef.
– Summen er at vi ikkje har tillit til denne maskina. Vi vil aldri nå måla som vi sette oss den gongen helikopterkontrakten vart underskriven, seier Haugen.
Forsvarsdepartementet behandlar i vår ein ny langtidsplan for Forsvaret og dermed framtida for helikopteret. Forsvaret har foreslått ein ny innkjøpsprosess for Kystvakta, og at fregattane tar over alle NH90-helikoptera i staden for at dei blir fordelte mellom kystvaktskip og fregattskip.
Innkjøpet av NH90-helikoptera har lenge vore skandaleråka. I 2018 konkluderte Riksrevisjonen med at Forsvaret og skattebetalarane har brukt åtte milliardar kroner på noko som ikkje har vorte levert.
14 NH-90-helikopter skulle vore på plass i 2008, men berre åtte er leverte, og seks av dei kan berre brukast til trening. Det blir dessutan langt dyrare å drive og halde ved like helikoptera enn først antatt.

Publisert: 12.02.2020 10:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30