(NPK): Med 14.000 støttespelarar har aksjonen «Kua mi får du aldri» snudd i saka, og vil jobbe for å realisere eit eige slakteri i Gudbrandsdalen.
I desember vedtok styre i Nortura å legge ned slakteriet på Otta. Lokale krefter vil no starte sitt eige slakteri i Gudbrandsdalen, med støtte frå aksjonsgruppa «Kua mi får du aldri», skriv .
Aksjonen har i haust brukt alle krefter på å støtte opp om Nortura-slakteriet i Otta, men gjer no ei heilomvending.
– Etter at Nortura Otta er vedtatt nedlagt er aksjonen, som var Norturas beste ven vorte det stikke motsette. Vi bruker no all kraft og ressursar for å støtte opp om arbeidet med å få realisert eit eige slakteri i Gudbrandsdalen, seier aksjonsleiar Kjetil Eide til Nationen.
– Vi går «all inn». Kampanjen vår har gjort noko i Gudbrandsdalen som aldri har vore gjort før. Vi har samla heile dalen rundt denne saka. Vi sit midt i eitt av Noregs beste merkevarenamn, og kan lage eit slakteri og merkevarer som kjem frå den friske lufta, det reinaste vatnet, og det grønaste graset. Eg trur vi i framtida kan lage mykje meir ute av dette enn det som var, fortel Eide til Nationen.
Onsdag 8. januar blir alle interesserte invitert til orienteringsmøte om vegen vidare til etablering av eit eige slakteri i Gudbrandsdalen.
– Vi får sjå kva som kjem ut av det. Vi har ikkje fått noko signal om at dei vil selje slakteriet på Otta til oss, seier dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg.
Ifylgje melde Flatland slakteri òg interesse for å ta over slakteriet på Otta før jul.
(©NPK)
I desember vedtok styre i Nortura å legge ned slakteriet på Otta. Lokale krefter vil no starte sitt eige slakteri i Gudbrandsdalen, med støtte frå aksjonsgruppa «Kua mi får du aldri», skriv .
Aksjonen har i haust brukt alle krefter på å støtte opp om Nortura-slakteriet i Otta, men gjer no ei heilomvending.
– Etter at Nortura Otta er vedtatt nedlagt er aksjonen, som var Norturas beste ven vorte det stikke motsette. Vi bruker no all kraft og ressursar for å støtte opp om arbeidet med å få realisert eit eige slakteri i Gudbrandsdalen, seier aksjonsleiar Kjetil Eide til Nationen.
Samla region
«Kua mi får du aldri» har over 14.000 støttespelarar, og er framleis i vekst. Dei forklarer at det er skapt eit sjeldan samhald på tvers av kommunegrensene i dalen.– Vi går «all inn». Kampanjen vår har gjort noko i Gudbrandsdalen som aldri har vore gjort før. Vi har samla heile dalen rundt denne saka. Vi sit midt i eitt av Noregs beste merkevarenamn, og kan lage eit slakteri og merkevarer som kjem frå den friske lufta, det reinaste vatnet, og det grønaste graset. Eg trur vi i framtida kan lage mykje meir ute av dette enn det som var, fortel Eide til Nationen.
Onsdag 8. januar blir alle interesserte invitert til orienteringsmøte om vegen vidare til etablering av eit eige slakteri i Gudbrandsdalen.
Nordfjord Kjøtt interessert
Før jul melde Nordfjord Kjøtt at dei var interessert i å kjøpe slakteriet på Otta. Nortura har ikkje gitt noko signal om at dei vil selje, men har no invitert slakteriet til møte skriv .– Vi får sjå kva som kjem ut av det. Vi har ikkje fått noko signal om at dei vil selje slakteriet på Otta til oss, seier dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg.
Ifylgje melde Flatland slakteri òg interesse for å ta over slakteriet på Otta før jul.
(©NPK)
Publisert: 08.01.2020 11:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31





