Kort fortalt

Vil stoppe kraftkabel til Skottland

Raudt håpar på støtte frå Ap.

18.04.2018
NPK-NTB: Raudt og Bjørnar Moxnes vil stoppe utbygginga av NorthConnect-kabelen. Torsdag blir forslaget frå partiet behandla i Stortinget og dei håpar på støtte frå Ap.
– Dersom Arbeidarpartiet vil unngå at utanlandskabelen mellom Noreg og Skottland blir bygd, slik fagrørsla ber om, har dei høve til å vise det på torsdag. Kom igjen, Jonas, seier Moxnes til .
Spørsmålet om kraftkabelen mellom Peterhead i Skottland og Eidfjord i Hordaland grip rett inn i den betente striden om EUs tredje energimarknadspakke og den norske tilslutninga til energibyrået Acer. Ap stilte ei rad krav for å seie ja til Acer, deriblant at ingen nye kablar skulle byggjast før ein hadde evaluert effektane av kablane som allereie er under utbygging.
– Eit minimum må vere at Arbeidarpartiet får med forlikspartnarane sine frå Acer-saka i regjeringspartia og MDG på å slå fast at behandlinga blir stoppa inntil vi har fått den nødvendige tida til å hauste erfaringar frå dei andre utanlandskablane som er under bygging, seier Moxnes.
Søknaden er for tida til behandling hos Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), men det er Terje Søviknes (Frp) og Olje- og energidepartementet som har siste ord.

Publisert: 18.04.2018 09:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39