NPK-NTB: Høgre-toppane Linda Hofstad Helleland og Henrik Asheim vil at staten skal overta styringa av skular som får svake resultat år etter år.
Helleland og Asheim, som sit i Høgres programkomité, foreslår ein «skule-ROBEK», skriv .
Medan ROBEK-lista er for kommunar der økonomien er så svak at staten tar kontroll, vil Høgre-toppane at staten overtar styringa av skulane som får svake resultat år etter år.
– Viss dette hadde handla om til dømes mobbing, så trur eg alle hadde vore samde i at du ikkje kan sitje år etter år og sjå på at ein skule har høge mobbetal. Det same må jo gjelde om barna ikkje får dei grunnleggjande evnene dei har krav på, seier Asheim til VG.
I 2018 innførte regjeringa ei nedre grense for skulekvalitet, der dei som hamnar under, får tilbod om statleg støtte og rettleiing.
Helleland, som leiar programkomiteen fram mot Høgres landsmøte i mars, seier at 66 kommunar og 227 skular er under den grensa.
– Vi kan ikkje lenger berre sjå på at skular ikkje gir elevar god nok skulegang og nødvendige evner for å klare seg seinare i livet. Då må vi bruke eit veldig sterkt verkemiddel, seier Helleland til VG.
Alle detaljane er ikkje på plass, men Høgre-toppane er klare på at det er snakk om ein tidsavgrensa periode.

Publisert: 16.01.2020 09:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31