NPK: I ein fersk rapport frå Havforskingsinstituttet blir det rådd til å forby seismisk aktivitet i viktige gyteområde for kysttorsken.
Kysttorsken har ikkje vore teken med i tidlegare rapportar, fordi arten ofte gyter mellom holmar og skjær og i fjordar, der det sjeldan er seismisk aktivitet.
Likevel vil gyteområde som ligg ut mot ope hav kunne blir utsette for seismisk skyting, og derfor er dei mest eksponerte områda i år tekne med på frårådingskarta.
Seismikk er kraftige, lågfrekvente lydbølgjer som blir sende ned i havet for å kartleggje havbotnen for olje- og gassførekomstar.
Fisk og sjøpattedyr har god høyrsel, og dei kan bli forstyrra av ulike lydar frå menneskeleg aktivitet.
– Den viktigaste forstyrringa frå seismikk er at fisk og kval forlèt viktige habitat som gyte- og beiteområde. Dette er alvorleg dersom områda ikkje lett kan bytast ut med eit anna, seier Lise Doksæter Sivle i Havforskingsinstituttet i ei .
gir eit oppdatert kunnskapsgrunnlaget for seismikk, elektromagnetiske undersøkingar og sprengingsarbeid i sjø, legg ho til.

Publisert: 27.01.2021 17:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23