Kort fortalt

Vil å spore folk via smarttelefonar

FHI vurderer smitteapp.

24.03.2020
NPK-NTB: Norske styresmakter jobbar med ein app for å spore rørslene til folk og rapportere inn til Folkehelseinstituttet, fortel NRK.
I arbeidet med smittesporing arbeider styresmaktene med ein app for smarttelefonar som skal kunne spore rørslene til personane som bruker appen, etter det kjenner til.
Målet skal vere å sjå kven som kan ha vore i nærleiken av ein smitta person, og dermed hjelpe til med å stoppe smitten.
Det er det statlege forskings- og utviklingsselskapet Simula Research Laboratory som samarbeider med Folkehelseinstituttet for å utvikle tekniske løysingar i kampen mot koronaviruset.
Simula vil ikkje kommentere NRKs opplysningar og viser til Folkehelseinstituttet.
– Vi vurderer ei slik løysing, men avgjerda om dette skal nyttast er enno ikkje teke, seier Gun Peggy Knudsen, områdedirektør for helsedata og digitalisering i FHI, til NRK.
Heidi Beate Bentzen, som forskar på personvern og helserett ved Universitetet i Oslo, åtvarar om at slike data kan avsløre mykje om livet til ein person, og berre må brukast til kampen mot korona og så blir sletta.
– Opplysningane må berre nyttast til ampen mot av koronaviruset, seier ho.

Publisert: 24.03.2020 19:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29