Kort fortalt

Ville ikkje gitt grønt lys til vindkraftutbyggingar

Klimaminister Rotevatn varsla innstrammingar.

Administrator
23.01.2021
(NPK): Klimaminister Sveinung Rotevatn (V) vedgår at ein del vindmølleutbyggingar ikkje burde ha vorte gjennomførte.
– Eg skal vere ærleg og seie at ein del vindkraftprosjekt ikkje burde fått godkjenning ut frå min politiske ståstad, seier han til .
Han meiner det ikkje er lagt vekt på naturen i ein del vindkraftsaker, og han varslar no innstrammingar.
Selskap som blir leigde for å kartleggje om sårbar natur kan gå tapt ved store utbyggingar, meiner dei ikkje får gjort ein grundig nok jobb, utover minstekrava frå styresmaktene.
Regelverket seier at vindkraftselskapa skal gjere naturundersøkingar når dei søkjer om konsesjon.
– Om vi ynskjer å gjere ein skikkeleg jobb, noko vi sjølvsagt vil, blir vi for kostbare, seier senior miljørådgjevar Kjetil Mork i Multiconsult.
Konsulentane skal vere nøytrale og leite etter dyreliv og planteliv. Oppdagar konsulentane verdifull natur, kan sjansen bli mindre for kraftselskapet til å få bygge ut.
(©NPK)

Publisert: 23.01.2021 14:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23