Kort fortalt

Vindkraft pressa straumprisen ned

Import frå utlandet gav prisfall.

30.01.2020
NPK: Høg vindkraftproduksjon i våre naboland bidrog til at Noreg i fjoråret importerte meir straum enn vi eksporterte. Saman med ein mild avslutning på året, gav det lågare straumprisar.
Det er første gong på ni år at Noreg ikkje er nettoeksportør av kraft. Men det var berre så vidt, nettoimporten var på 0,1 TWh i 2019, skriv .
– Spesielt Sverige, men også Danmark og Tyskland, hadde ein auke i vindkraftproduksjonen i 2019. Noreg er eit land med mykje regulerbar vasskraft, og fekk derfor moglegheita til å spare vatnet og heller importere billig vindkraft, seier avdelingsdirektør Anne Vera Skrivarhaug i pressemeldinga.
Ein unormalt mild og våt desember gav lågare områdeprisar enn vanleg for årstida. Trenden med fallande prisar har halde fram inn i 2020, både i Noreg og resten av Norden.
– Held det fram slik det har vore dei siste vekene vil vi kunne oppleve lågare prisar enn normalt inn mot våren når snøsmeltinga startar, seier Skrivarhaug.

Publisert: 30.01.2020 18:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30