Kort fortalt

Vindkraftselskap vil gi meir til kommunane

Tek til orde for ei kraftig auke.

14.10.2020
(NPK): Vindkraftselskapet Norsk Vind Energi AS tek til orde for ein kraftig auke av inntektene til vindkraftkommunane.
– Meir av verdiskapinga må liggja igjen lokalt. Ei samanslutning av kommunar kalla Naturressurskommunene, har nyleg teke til orde for ei løysing med auka støtte til kommunane gjennom ei miljøavgift. Nivået dei skisserer vil utgjera ei dobling av det vindkraft-kommunane får i eigedomsskatt i dag. Det støttar vi, seier dagleg leiar Per Ove Skorpen i Norsk Vind Energi til
Skorpen meiner vindkraftbransjen må lytta til kommunar som er tydeleg mot vindkraft, men samtidig håpar vindkraftselskapet at negative kommunar kan endra meining viss dei får meir pengar.
– Skal vi klara å utvikla meir vindkraft i Noreg, treng vi at fleire selskap har eigarskap til prosjekta. Vi ønskjer eit så lågt konfliktnivå som mogleg. Det må bli tydeleg at verdiskaping kjem kommunane og lokalbefolkninga til gode i større grad enn det historisk har gjort, seier Skorpen.
(©NPK)

Publisert: 14.10.2020 12:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24