Kort fortalt

Vindkraftutbyggjar tilbakeviser påstandar

Rettssak om vindkraft på Haramsøya neste veke.

21.10.2020
(NPK): I august la motstandarar av vindkraft på Haramsøya ut ein video med 15 påstandar om vindkraftsaka. No tilbakeviser utbyggjaren alle påstandane.
– Det har tatt tid å svare ut, men konklusjonen er klar for alle 15. Det er ikkje grunnlag for nokon av desse påstandane, seier Olav Rommetveit, dagleg leiar i utbyggjaren Zephyr, til .
Påstandane i videoen er basert på eit brev Nei til vindkraft på Haramsøya sende til Olje- og energidepartementet 24. juli. Dei går blant anna på at rasfaren ikkje er grundig nok greidd ut, at målingane for støy og vind ikkje er grundige nok, og at innbyggjarar og vindkraftmotstandarar ikkje i tilfredsstillande grad har fått kome til orde i høyringsprosessen, skriv avisa.
Sunnmørsposten har fått tilsendt eit dokument frå Zephyr der dei meiner dei kan avkrefte alle påstandane.
– Fleire av desse påstandane har kravd detaljert fagkunnskap, noko som har gjort at vi har henta inn synspunkt frå fagekspertar som har jobba med prosjektet, seier Rommetveit.
Måndag 26. oktober blir det rettssak i Sunnmøre tingrett. Tingretten skal ta stilling til om arbeidet skal stoppast mellombels. Rommetveit føler seg trygg på at konsesjonen som er tildelt Haram Kraft er gitt lovleg, og at det ikkje er gjort saksbehandlingsfeil som gir grunnlag for at konsesjonen blir omgjort.
(©NPK)

Publisert: 21.10.2020 15:00

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:07