NPK-NTB: Vinmonopolet oppmodar til å starte årets julehandel av flytande varer tidleg, dette med tanke på korona og smittevern.
– Vi går mot tidenes julehandel på Vinmonopolet. Av omsyn til smittevern er vår klare oppmoding at årets julehandel bør takast i november, aller helst på formiddagen og på ein dag tidleg i veka, seier administrerande direktør Elisabeth Hunter i Vinmonopolet.
2020 blir eit historisk år for Vinmonopolet. Antakeleg vil det bli selt rundt 115 millionar liter gjennom året, mot 82,6 millionar liter i fjor, ein vekst på rundt 40 prosent.
Årsaka er stengde grenser mot Sverige, tilnærma full stopp i taxfreehandelen og betydeleg redusert skjenking som følgje av koronatiltaka til styresmaktene.
– Normalt er desember månad nesten dobbelt så stor som ein vanleg månad. I desember i år forventar vi eit sal på rundt 15 millionar liter fordelt på fem millionar kundebesøk, tidenes største enkeltmånad – ein rekord som truleg blir ståande lenge, seier Hunter.
Sidan mange har heimekontor og derfor er meir fleksible i år enn i fjor, håpar Vinmonopolet at mange kan gjere slik dei gjorde i mars og april: flytta innkjøpa frå ettermiddagen til formiddagen, og frå slutten av veka til byrjinga av veka.
Eit anna råd er å gjere seg ferdig med julehandelen før 15. desember. Etter denne dagen kjem det antakeleg til å vere historisk trykk i utsala landa rundt.

Publisert: 03.11.2020 13:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24