Nordvest
ELEKTRO: Godt med oppdrag for montørane i Nordvest Elektro. I fjor var det rekordomsetning. Foto: Nordvest Elektro
Kort fortalt

Nordvest Elektro med ny rekord

Volda-selskapet tente mindre på drifta.

29.03.2023

Elektrobedrifta vart starta opp i 2011, og hadde i fjor sitt beste år omsetningsmessig med ein auke på 2,2 millionar kroner frå året før.

Men resultatet før skatt vart likevel redusert frå 2,2 til 0,9 millionar kroner.

Selskapet leverer tenester til næring og privatmarkedet på søre Sunnmøre, og opplyser på si heimeside at montørane arbeider omlag like mykje på private bustadar som på næring og offentlege bygg. Installasjonar i private bustadar omfattar nybygg, rehabilitering og serviceoppdrag. Av oppdrag er datakabling, brannalarm, belysning, tekniske alarmar, prosesstyring, automasjon og naudstraumsanlegg. Selskapet opplyser også at ein har mange oppdrag for treforedling og fiskeoppdrett, i tillegg til skular, samfunnshus, vassverk, rådhus, kyrkjer og store samdriftsfjøsar.

Tore Erik Hjelle eig 40 prosent av selskapet, medan Ole Martin Kjøllesdal eig 27,3 prosent. Andre eigarar er Asle Ronny Henden, Terje Solvang, Ståle Bruvoll, Bjarte Dahlgren, Jon Arne Hjelle og Ivar Brendehaug.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 4,5 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.

Nordvest Elektro Drift
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 18,9 16,7
Driftsresultat 1 2,7
Resultat før skatt 0,9 2,2

Publisert: 29.03.2023 13:00

Sist oppdatert: 29.03.2023 11:11