Kort fortalt

Vurderer krav om elbilladar

Ny forskrift ute på høyring.

11.01.2021
NPK-NTB: Ei forskrift som pålegg dei som skal byggje leilegheiter, hus og hytter å leggje til rette for elbillading, blir no send på høyring.
– Dette handlar om å redusere barrierane for folk når dei skal bestemme seg for kva slags bil dei skal ha, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) til .
Måndag sende Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) eit forslag på høyring der det blir foreslått eit krav om at alle nye hus og leilegheitsbygg, og dessutan bygg som skal totalrenoverast og nybygde hytter som har innlagt straum og parkeringsmoglegheiter i nærleiken, skal byggjast ladeklare.
At eit bygg er ladeklart, inneber at det er mogleg å installere eit ladepunkt for elbil når bustad- eller byggeigar måtte ønskje det, utan at det er nødvendig å gjere ytterlegare tilpassingar i bygget eller grunnen. Det kan mellom anna bety at ein ikkje skal trenge å grave opp vegen for å leggje kabelrøyr under asfalten på eit uteområde.
Fordi forslaget inneber å endre ei forskrift og ikkje ei lov, treng ikkje saka å behandlast i Stortinget.

Publisert: 11.01.2021 08:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23