Kort fortalt

Vurderer nytt ferdselsforbod på Haramsøya

Politiet reagerer etter hærverk.

12.01.2021
(NPK): Politiet i Ålesund varslar om fleire tilfelle av hærverk ved utbygginga av vindkraftverk på Haramsøya. Leiaren i Nei til vindkraftverk på Haramsøya er tydeleg på at dei tar avstand frå hærverket.
– Dette er ikkje eit uttrykk for noko vi står for, og då snakkar eg for veldig mange i lokalsamfunnet som lir under slike oppslag. Dette går ut over heile lokalsamfunnet, som blir rive i filler på grunn av denne utbygginga, seier Oline Kjerstad til .
I eit dialogmøte med politiet måndag 11. januar, vart Kjerstad, som er leiar av Nei til vindkraftverk på Haramsøya, gjort kjend med informasjon frå politiet om at ei mindre gruppe vaksne driv det politiet kallar organisert hærverk mot vindkraftanlegget på øya.
Politistasjonssjef Oddbjørn Solheim i Ålesund informerer om at dei etterforskar forhold som at det er helt sukker i støypen til det som skal bli fundament til vindturbinane, noko som kan øydeleggje støypen og føre til risiko på sikt. Det er òg velta store steinar ut i anleggsvegen. Natt til 6. januar gjekk nokon laus med vinkelslipar på dieseltankar med fleire tusen liter diesel, noko det heldigvis ikkje vart lekkasje av. Låsar på bommane er òg øydelagde, ifølge politiet.
Birgit Oline Kjerstad strekar under at Nei til vindkraftverk på Haramsøy si haldning til hærverk er at det er uakseptabelt og skadar deira sak. Ho er bekymra for både arbeidsfolk og lokalsamfunn, og håper det blir avdekt kven som står bak, sånn at ein slepp rykte og stigmatisering av personar som kan vere uskuldige, skriv Sunnmørsposten.
(©NPK)

Publisert: 12.01.2021 13:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23