NPK-NTB: Regjeringa foreslår at portforbod skal kunne gjelde i inntil 21 dagar. Forslaget om endringane i smittevernlova vart fredag sendt på høyring.
I blir det foreslått at eit portforbod skal gjelde i inntil 21 dagar og kan forlengjast med inntil fjorten dagar om gongen.
– Portforbodet skal innrettast slik at det ikkje stengjer for eit minimum av menneskeleg kontakt for den enkelte. Vidare må det givast unntak mellom anna for å sikre varetakinga av kritiske og viktige samfunnsfunksjonar, og det må leggjast til rette for at barn og andre sårbare grupper blir varetekne, heiter det.
Justisdepartementet understrekar i høyringsnotatet at portforbod berre er aktuelt i ekstreme tilfelle, og berre der alle andre aktuelle tiltak er prøvd eller vurderte som utilstrekkeleg. Det kan heller ikkje gjelde i eit større geografisk område eller i større omfang enn strengt nødvendig.
Fristen for å sende inn høyringssvar er 31. januar 2021.

Publisert: 08.01.2021 18:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23