NPK-NTB: Verdshelseorganisasjonens (WHO) globale studie som skal vurdere moglege medisinar mot covid-19, startar i Noreg.
Den første pasienten som er med i koronastudien, er pasient ved Oslo universitetssjukehus.
– Det er ein stor heider for norsk forsking og norsk helseteneste at vi er med på denne globale og viktige studien frå starten av, seier statsminister Erna Solberg (H).
Koronastudien skal koordinerast av direktør John-Arne Røttingen i Noregs forskingsråd.
– Vi treng å forstå korleis vi best bør behandle dei som blir sjuke. Vi står no midt i ein global forskingsdugnad for å få god og sikker kunnskap, og Noreg er med, seier Røttingen.
Fagmiljøet ved Oslo universitetssjukehus leier den norske delen av studien. Det er allereie kjent at sjukehuset har testa malariamedisinar på koronapasientar. Pasientane som blir behandla med medisinane, må samtykke
Haukeland universitetssjukehus har tidlegare stadfesta at dei er i gang med testinga av malariamedisinen Remdesivir, ifølgje .
Det skal i første omgang prøvast ut to medisinar mot koronaviruset i Noreg. Det er malariamiddelet hydroxyklorokin/Plaquenil og ebola-legemiddelet Remdesivir.
Studien skal seinare teste ein hiv-behandling (lopinavir/ritonavir) åleine eller saman med eit legemiddel mot hepatitt (interferon-β 1a).
Forskarar over heile verda skal samle informasjon om korleis desse behandlingane påverkar overlevinga til pasientane og kor lenge dei treng intensivbehandling og innlegging.
– Det er mange som er oppteke av å finne behandlingar som verkar på den nye sjukdommen. Det er viktig at vi gjer dette i store studiar der vi samanliknar ulike behandlingar. Det er den einaste måten vi kan få sikker kunnskap om kva som verkar, og at det er trygt, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).
Koronastudien skal etter planen gjennomførast ved 22 sjukehus over heile landet. Helseregionane bidreg med 20 millionar kroner til studien.

Publisert: 27.03.2020 18:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29