Kort fortalt

WHO: Ver i aktivitet

Fryktar ein pandemi av dårleg helse.

26.11.2020
NPK-NTB-AFP-TT: Pandemi eller ei – det er framleis viktig å halde seg i aktivitet, lyder det frå Verdshelseorganisasjonen WHO.
I oppdaterte retningslinjer om fysisk aktivitet, understrekar WHO at fysisk aktivitet er essensielt for både fysisk og mental helse.
– WHO oppmodar alle til å halde seg aktive gjennom koronapandemien, seier Rüdiger Krech, WHOs leiar for helsefremjande tiltak.
– Om vi ikkje held oss i aktivitet, risikerer vi å skape ein ny pandemi med dårleg helse, som resultat av stillesitjinga, heiter det vidare.
Det er framleis ingen definitive tal for i kva grad pandemien har påverka den fysiske aktiviteten, men nedstengingar, avgrensa rørslefridom, stengde treningssenter og andre tiltak har tvinga mange folk til å halde seg heime og stukke kjeppar i hjula for mang ein treningsrutine.
Det er urovekkjande med tanke på at statistikk allereie før krisa viste at brorparten av den unge befolkninga i verda, og også mange vaksne, ikkje er aktive nok, noko som kan få store konsekvensar for den globale folkehelsa.
WHO estimerer at å få fleire folk i aktivitet kan hindre opptil fem millionar dødsfall i året.

Publisert: 26.11.2020 08:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24