Kort fortalt

Widerøe lanserer nye sommarruter

Mellom anna to ruter frå Ålesund.

19.11.2020
Frå 26. juni til 15. august neste år lanserer Widerøe ei rekkje nye flyruter som skal gjera det enklare for nordmenn å feriera i eige land.
Dei nye sommarrutene skal ifylgje særleg gjera det enklare å koma seg til Nord-Noreg og Lofoten. Mellom anna blir det to ruter frå Ålesund til Bodø og Evenes.
Det blir også mogleg å fly direkte med Widerøe til Harstad/Evenes både frå Stavanger, Bergen, Kristiansand og Sandefjord/Torp. Frå Bergen og Oslo blir det i same perioden også sett opp direkteruter til Svolvær og Lofoten.
At selskapet er tidleg ute med å lansera dei nye sommarrutene, er ikkje tilfeldig. Selskapet peikar på at norsk reiseliv generelt, og flybransjen spesielt, er i djup krise. For å bøta på dette, oppmodar Widerøe no nordmenn til å planleggja ferien og bestilla billettar.
(©NPK)

Publisert: 19.11.2020 16:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24