Kort fortalt

Åge Remøy vart æresmedlem

Heidra av Fosnavåg Shippingklubb.

Marius Rosbach
29.11.2023

Åge Remøy vart tysdag heidra under den tradisjonelle juleavslutninga til Fosnavåg Shippingklubb med tildeling av æresmedlemskap.

– Det langvarige engasjementet og den positive påverknaden han har hatt på den maritime bransjen, og ikkje minst som bidragsytar til lokalsamfunnet, gjer han til ein verdig mottakar av denne heideren, skriv shippingklubben på si Facebook-side.

Åge Remøy Helge T Remøy foto Fosnavåg Shippingklubb
FOSNAVÅG: Åge Remøy blei tysdag utnemnt til æresmedlem av Helge T. Remøy i Fosnavåg Shippingklubb. Foto: Fosnavåg Shippingklubb

Remøy starta som fiskar, og gjekk vidare som skipsingeniør og gründer. Han har bygd Rem Offshore til eit betydeleg reiarlag – fleire gonger.

I 2016 vart som kjent det dåverande reiarlaget slukt av Solstad-fusjonen, men Remøy starta opp på nytt.

I dag har Rem Offshore 20 skip i flåten og kring 700 tilsette. Remøy er med som eigar og styreleiar i reiarlaget sine selskap.

Shippingklubben trekk også fram samfunnsengasjementet til reiaren. Remøy engasjerte seg mellom anna i arbeidet med å realisere Fosnavåg Konserthus som opna i 2014.

Publisert: 29.11.2023 21:15

Sist oppdatert: 29.11.2023 21:15

Mer om