Lars Conradi Andersen Åge Remøy foto marius
GOD AKTIVTET: Rem Offshore-direktør Lars Conradi Andersen med styreleiar og storeigar Åge Remøy på skipsdåp i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

«Godt nøgd» etter å ha auka med seks skip

Nybygg kan vere like aktuelt som eksisterande skip, for at Rem Offshore skal vekse vidare.

Marius Rosbach
12.07.2023

Rem Offshore Holding sitt første konsernrekneskap for eitt eit heilt år, viser god aktivitet for reiarlaget.

Holdingselskapet er 100 prosent eigar av Herøy-selskapet Rem Offshore og 60 prosent eigar av Rem Wind, som er satsinga inn mot offshore vindmarknaden.

Rekneskapstala viser at skipa segla inn 841 millionar kroner i fjor. Driftsresultatet enda på knappe 156 millionar og resultat før skatt på 22,2 millionar kroner.

– Vi auka flåten med seks skip i 2022 og har hatt ein betydeleg vekst i driftsinntektene, som óg gir utslag i auka driftskostnader. Vi seier oss godt nøgd med driftsresultatet, fortel reiarsjef Lars Conradi Andersen til NETT NO.

Seks nye skip i fjor - og eitt i år
Totalt består no Rem Offshore-flåten av 13 plattformforsyningsskip, to subseaskip og to seismikkskip, i tillegg til deleigarskap i to vindskip – pluss eitt under bygging hos Vard.

«Selskapet har hatt høy utnyttelse gjennom hele 2022 og basert på dagens kontrakter vil man ha høy utnyttelse også for 2023», heiter det i rapporten.

Selskapet har også bemanna opp betydeleg for å handtere veksen. No har dei rundt 650 sjøfolk og 38 administrativt tilsette.

– Vi ser óg at skipsverdiane har kome betrakteleg opp vidare i 2023, til glede både for oss og andre, legg Andersen til.

I årsrapporten for fjoråret er skipa bokført med ein verdi på drygt 2,7 milliardar – ei auke frå 2,1 milliardar kroner ved utgangen av 2021.

Vurderer nybygg – også i offshore
Etter at reiarlaget nyleg fekk levert Rem Power frå Vard, er reiarlaget opne om at det blir meir aktuelt med nybygg, framfor å kjøpe eksisterande båtar – slik dei i hovudsak har vekse sidan «nye» Rem Offshore såg dagens lys i 2017.

– Rem har vekse raskt sidan oppstarten, og gjort gode kjøp når marknaden har vore nede. Slike moglegheiter har vi ikkje lenger, seier han.

Rem Offshore-sjefen påpeiker at det er også er aktuelt med nybygg i offshore, i tillegg til nybyggingsprogrammet deira på havvindmarknaden.

– Etter kvart som prisane stig på eksisterande tonnasje kan det være aktuelt å utvikle selskapet vidare gjennom fleire nybygg, som gir oss meir tilpassa skip med miljøretta teknologi, seier han.

Thorsteinn Magnus Aage
EIGARTRIO: Trioen Thorsteinn Mar Baldvinsson, Magnus Roth og Åge Remøy har samarbeida i mange år, og eig reiarlaget med hovudbase i Fosnavåg. Foto: Kjetil Haanes

– Marknaden er stigande
Marknadssutviklinga i 2023 er god i selskapet sine kjerneområde offshore wind og offshore service. Samtidig ser dei eksterne faktorar som er meir usikre.

– Renta er på veg opp og krona er svak, samtidig som marknaden er ganske god. Det er mange forhold å vege opp mot kvarandre, legg Andersen til.

– Vi opplevde eit stigande marked for eit par år sidan, før Covid kom og bremsa alt opp att, så det kan være greitt med litt nøkternheit, minner han samtidig om.

Etterlyser fleire tiltak
Nyleg blei det kjent at Eksfin vil gå inn med auka avlasting på byggelån for verfta. Det peiker Rem-sjefen på som positivt, men håpar samtidig at verfta vil få ei lenge etterspurt forskottsgarantiordning på plass frå styresmaktene.

Han etterlyser óg betre ordningar for å investere i ny miljøvennleg teknologi for reiarlaga.

– Fleire har peikt på eit CO2 fond etter modell fra NoX fondet, dette trur eg vil være eit godt verkemiddel der næringa sjølv er med å ta rekninga samtidig som ein får investert i ny teknologi og får ned utsleppa.

Treng refinansiering i år
I årsrapporten til Rem Offshore Holding kjem det fram at datterselskapeet Rem Nor, som eig to PSV-ar, skal refinansierast i løpet av 2023. Reiarlaget har ikkje gitt nokre garantiar på vegner av dotterselskapet.

Eigenkapitalen i konsernselskapet ved utgangen av 2022 var på 1,12 milliardar kroner. Langsiktig gjeld var 1,5 milliardar og samla gjeld på 2,15 milliardar.

Publisert: 12.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:07

Mer om