Thorsteinn Magnus Aage
VEKS: Trioen Thorsteinn Mar Baldvinsson, Magnus Roth og Åge Remøy har no 20 skip i Rem offshore-flåten. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

No har desse tre karane ein flåte på 20 skip

Fosnavåg-selskapet Rem Offshore kjøper to PSV-ar frå Sotra-selskapet Atlantic Offshore.

11.07.2022

- Vi har hatt dialog med eigarane av Atlantic Offshore over tid, og til slutt vart vi samde om at vi overtek deira to PSV-skip.

Det seier styreleiar og gründer Åge Remøy i Rem Offshore etter at selskapet har kjøpt PSV-ane Ocean Star og Ocean Art.

Begge skipa vart bygde ved Myklebust Verft i 2014, og har sidan då gått på kontrakt med Equinor.

Skipa er 90,4 meter lange, 20,0 meter breie, og då kontrakten vart inngått i juni 2012 var samla prislapp estimert til 700 millionar kroner.

Ocean
FOSNAVÅG: Myklebust Verft-bygde Ocean Star går frå å vere Sotra-registrert til å verte registrert i Fosnavåg. Foto: Myklebust

Batteripakke
Åge Remøy seier at han har god kjennskap til skipa, som han ser på som attraktive i marknaden.

- Skipa har kontrakt med opsjonar til 2028, og vi har god tru på at Equinor har behov for skipa vidare.

- Skipa er oppgraderte med batteripakke og nye krav i samsvar med kjemikaliekoda.

Frå null til 20 på seks år
Etter kjøpet har Rem Offshore ein flåte på 20 skip.

Åge Remøy sa då han starta selskapet saman med svensk-sveitsiske Magnus Roth og islandske Thorsteinn Mar Balvinsson at målet var å byggje opp eit rimeleg stort offshoreselskap nord om Stad.

Norsk mannskap
Remøy avviser ikkje nye kjøp.

- Nei, vi har gjort det godt, men samstundes er ein flåte på 20 skip slett ikkje verst når ein veit at vi hadde null i 2016.

Ocean Star og Ocean Art er NOR-flagga med norsk mannskap.

- Mannskapet får tilbod om å vere med vidare, seier Remøy.

Publisert: 11.07.2022 14:49

Sist oppdatert: 11.07.2022 19:05

Mer om