Åge co
PARTNERAR: Thorsteinn Mar Baldvinsson, Magnus Roth og Åge Remøy satsa saman på å byggje opp eit nytt offshoreselskap. No har dei 12 skip, men stoppar ikkje der. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vi hadde aldri klart dette utan Thorsteinn og Magnus

I helga overtok dei båt nummer 12. Men det stoppar ikkje der. Rem Offshore skal verte større. Det er dei tre eigarane samde om.

22.11.2021

- Vi skal verte større, og det vil truleg skje nokså raskt. Det ser slett ikkje så verst ut framover.

Det seier Rem-gründer Åge Remøy.

- Men vi hadde aldri klart dette utan Thorsteinn og Magnus. Dei har vore heilt avgjerande, seier Remøy.

Samherji
Thorsteinn er Thorsteinn Mar Balvinsson frå Akureyri. Balvinsson har bygt opp Samherji til eitt av europas største fiskeriselskap, og er no tilbake i konsernleiinga etter at han gjekk av mellombels medan selskapet var under etterforsking for korrupsjon i dotterselskap i Namibia.

Mar Balvinsson var styremedlem i tidlegare Rem, som vart oppkjøpt av Solstad, men vart med og satsa på nytt då Åge Remøy ville starte opp eit nytt offshoreselskap.

Imponert over aktiviteten
Baldvinsson seier at han har god tru på offshoremarknaden framover.

- Offshoremarknaden har vore langt nede i ein bølgjedal, men vi trur at ein no er på veg opp av bølgjedalen.

- Som fiskarar må vi tole at det av og til er høge bølgjer.

Han rosar Rem, og seier at han er imponert over all aktiviteten på Sunnmøre.

- Vi har satsa mykje på Sunnmøre. Blant anna har vi totalt bygt 15 fiskebåtar med Vard- eller Rolls-Royce-design. Det kan absolutt verte fleire.

Magnus Roth Fedrik Remøy Åge Remøy
DÅP: Magnus Roth rosar administrasjonen i Rem Offshore, her saman med dagleg leiar Fredrik Remøy og styreleiar Åge Remøy. Foto: Kjetil Haanes

Ocean Trawlers
Ein som også rosar det sunnmørske næringslivet er Magnus Roth.

- Sanninga er at Sunnmøre står bak halve Norge, seier Roth.

Til liks med Åge Remøy og Thorsteinn Mar Baldvinsson bygde Roth seg opp med fiskeri. Han var sentral i oppbygginga av fiskeriselskapet Ocean Trawlers i 1997, saman med russiske partnarar. Etter kvart vart selskapet ein internasjonal fiskerigigant, til Roth vart kjøpt ut i 2016.

Ocean Trawlers hadde i starten hovedkontor i Drøbak, og nyleg var det rettssak i Follo og Nordre Østfold tingrett der den russiske mangemilliardæren Vitalij Orlov gjekk til sak mot Thomas Roth, ei sak Orlov tapte.

Klar til å investere meir
Roth er svensk, men bur no i Sveits. Han har brukt litt av fiskeriformuen på å byggje opp Rem Offshore.

Han er klar til å satse endå meir.

- Ja, eg er villig til å gå inn med meir midlar om det er behov for det. Eg har tru på at dette selskapet har store sjansar til å verte ein stor og lønsam aktør.

Han har sjølv tatt utdanning i Ålesund.

- Vi var fire som reiste til Ålesund, men berre to kom derifrå i live. Kona gjekk det veldig bra med, men dei to fuglane vi hadde med oss døydde, seier Roth.

- Enorm skaparkraft
Men så mange andre negative erfaringar har han ikkje frå Sunnmøre.

- Her er det ei enorm skaparkraft, og folk gir ikkje opp om det av og til ser vanskeleg ut.

- Ser ein andre stader i landet, som i Oslo, er ein meir oppfatt av det finansielle og eiga lommebok. Her prøver ein å skape noko til det beste for samfunnet. Det set eg pris på.

Rem Energy Rune Paulsen
HAVVIND: Rem Energy er klar for vel fire års arbeid i Tyskebukta med havvindprosjekt. Foto: Rune Paulsen
Her er det ei enorm skaparkraft, og folk gir ikkje opp om det av og til ser vanskeleg ut
Magnus Roth

Satsa 500 millionar
Det var i 2016 at Remøy, Roth og Mar Baldvinsson til saman la 500 millionar kroner på bordet for å byggje opp eit offshoreselskap nord om Stad, som Åge Remøy sa det då.

Det var klart at hovedkontoret skulle vere i Fosnavåg, og selskapet har no same basen som ein hadde ved salet til Solstad.

Nye Vard-skip
I tillegg til å vere partnerar i Rem Offshore, eig også Remøy og Roth rundt 20 prosent av Myklebust Verft, etter at dei først gjekk inn med 60 millionar kroner i redningsaksjonen for Kleven.

I tillegg til Rem Energy, som vart døypt laurdag, har Rem Offshore teikna kontrakt på to spesialskip for havvind hos Vard, med opsjon på ytterlegare to skip.

Rem Energy er forøvrig første havvindskipet som er bygt i Norge for ein norsk reiar.

Publisert: 22.11.2021 05:40

Sist oppdatert: 21.11.2021 15:36

Mer om