Ålesund kommune har oppretta ein eigen luftvegsklinikk ved Ålesund lokalmedisinske senter.
Klinikken skal ta mot pasientar med symptom på luftvegsplager og luftvegsinfeksjonar, opplyser kommunen i ei pressemelding tysdag.
Der blir det opplyst at dersom ein pasient har luftvegssymptom i tillegg til andre tilstandar som krev legehjelp, til dømes brotskadar eller sårskadar, skal ein ta kontakt med sin fastlege, eller legevakta, som då vil vise vidare til klinikken.
Pasientane kan ikkje sjølve oppsøke klinikken, men må først konsultere med fastlege eller legevakt på telefon eller Skype, før dei kan kome inn.
Eitt rom er sett av til dei med påvist koronasmitte, medan det andre kontoret er reservert til dei med mistanke om smitte.

Publisert: 24.03.2020 13:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29