Kort fortalt

Ålesund skal rydde i trafikken

Vedtok samferdselspakke til tre mrd.

03.02.2017
NPK: Det var fjerde gongen bystyret hadde saka til behandling, og denne gongen gjekk bypakken gjennom med knappast mogleg fleirtal – 25 mot 24 stemmer, skriv bladet Våre veger.
Bompengefinansiering og plassering av bommane er det som har gjort det vanskeleg for politikarane å komme fram til semje, men no er altså vedtaket gjort. Bilistane skal betale maksimalt 960 kroner i månaden for bompasseringane.
Ein stor del av bypakken handlar om trafikktryggingstiltak. Ålesund har vore ein av dei dårlegaste sykkelbyane i Noreg i mange år, men det skal det no bli ei endring på. No skal det bli betre for både gåande og syklande.

Publisert: 03.02.2017 14:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42