Kort fortalt

Åtte trafikkdødsfall

Åtte personar omkom i trafikken i januar.

01.02.2021
NPK-NTB: I alt åtte personar mista livet i trafikken i årets første månad. Det er like mange som omkom på vegane i januar i fjor, viser tal frå Trygg Trafikk.
Av dei omkomne i januar var dei fleste bilførarar, og det er denne trafikantgruppa som er oftast representert i ulykkesstatistikken.
– Framleis er det bilførarane som døyr oftast i trafikken, men dei har hatt ein betydeleg nedgang dei siste åra. I fjor omkom det 45 bilførarar som er det lågaste talet vi har hatt på over tjue år, seier kommunikasjonssjef Ingrid Trømborg i Trygg Trafikk.

Publisert: 01.02.2021 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23