(NPK-NTB): Den økonomiske utviklinga både i Noreg og internasjonalt er så uviss at Finansdepartementet åtvarar bankane mot å dele ut utbyte framover.
Finansdepartementet ber bankane om å følgje tilrådingane frå Det europeiske systemrisikorådet (ESRB) og framleis vere tilbakehaldne med å dele ut utbyte.
I eit brev til Finanstilsynet understrekar departementet at dei forventar at bankane held dei samla utdelingane av slikt utbyte innanfor maksimalt 30 prosent av det kumulerte årsresultatet for åra 2019 og 2020 fram til 30. september i år.
– Vi står framleis overfor ei uvanleg stor uvisse, og det kan etter kvart komme store utlånstap i bankane, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Publisert: 21.01.2021 08:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23