NPK: Alt sal av fisk og skaldyr skal vere godkjent av eit salslag, og du må ha eit eige løyve for å drive sal direkte frå fiskar til forbrukar. Likevel skjer det eit omfattande ulovleg sal av sjømat i lukka grupper på Facebook og finn.no.
Det skriv Fiskeridirektoratet på sine
– Desse reglane er der for at du som forbrukar skal vere sikker på at sjømaten du kjøper er berekraftig fangsta, seier Per Sandberg i Fiskeridirektoratet.
For sal av fisk er det eit klart skilje mellom fritidsfiske og yrkesfiske. Dersom båten ikkje er registrert i fartøyregisteret vert du rekna som fritidsfiskar. Då kan du maksimalt omsette for 50.000 kroner i året.
Handelen må alltid skje gjennom eit fiskesalslag eller ein godkjend kjøpar, skriv direktoratet.
Direktoratet er oppteke av at all fangst skal registrerast av fleire grunnar. Dei minner om at det er viktig å vite kor mykje ein haustar, for å kunne ha gode nok data til å setje rette kvotar og at dei som sel sjømat ulovleg som oftast ikkje betalar skatt av inntekta, noko som er uheldig for samfunnsøkonomien. Ulovleg handel av sjømat gir også ulike konkurranseforhold.

Publisert: 31.07.2020 13:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25