NPK-NTB: Fleire nordmenn seier at dei merkar rentekutta frå bankane, men så langt opplyser berre 33 prosent at renta har vorte redusert, viser ei undersøking.
Noregs Bank har to gonger den siste tida sett ned styringsrenta, og ho er no på historisk låge 0,25 prosent.
Fleire bankar varsla i etterkant om kutt i bustadlånsrentene. Så langt har 33 prosent av bankkundane opplevd at banken deira følgjer opp rentekutta. Det viser ei måling har gjort blant 2.155 nordmenn mellom 23. og 25 mars.
– Renta er viktig uansett om ein no er permittert, er engsteleg for bedrifta si, har store bustadlån eller har anna privat gjeld, seier seniorrådgivar Ola Gaute Aas i Opinion.
Dei siste dagane har fleire og fleire opplyste at dei merkar at bankane følgjer opp renteavgjerda frå Noregs Bank.
– Ikkje alle i Noreg følgjer nøye med på rentekuttet til bankane og om kutta i styringsrenta til Noreg bank blir følgd opp av deira eigen bank. Likevel er det liten tvil om at stadig fleire nordmenn legg merke til åtferda til bankane og vil truleg bry seg meir om dette framover, seier Askheim.

Publisert: 27.03.2020 09:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29