NPK-NTB: Økonomiekspertar i finansnæringa og akademia ventar ein lønnsvekst på 3,0 prosent i år. Fagrørsla har tru på eit høgare tal.
Det kjem fram i Noregs Banks forventningsundersøking for 1. kvartal, der økonomar i finansnæringa og akademia, partane i arbeidslivet, næringslivsleiarar og hushald er spurde om forventningane sine til den økonomiske utviklinga.
Økonomane seier dei trur på ein lønnsvekst på 3,0 prosent i år.
Dei spurde i fagrørsla ventar ein lønnsvekst på 3,3 prosent. Motparten på arbeidsgivarsida anslår årslønnsveksten til 3,1 prosent.
Det mest konservative anslaget kjem næringslivsleiarane med. Dei anslår lønnsveksten i eiga bedrift til 2,8 prosent i snitt.
Lønnsoppgjer i år startar i mars. Det er dei såkalla frontfaga som skal forhandle først.

Publisert: 21.02.2020 07:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30