(NPK): Førjulstida med korona kan bli ei utfordring viss mange skal ut på julehandel samtidig, meiner helsepolitisk talsperson i Høgre, Sveinung Stensland, som oppmodar folk til å vera føre var.
– Derfor vil eg oppmoda alle til å starta julehandelen litt før, seier han til
Direktør for handel i Virke, Harald Jachwitz, helsar forslaget velkomme. Med låg rente, færre utanlandsreiser og låge straumprisar er handelsstanden budd på at mange nordmenn har meir å rutta med enn før. Jachwitz meiner dette vil merkast på julehandelen både på nettet og i fysiske butikkar.
Men ikkje alle er like begeistra for ei oppmoding om å starta julehandelen tidlegare. Nestleiar Arild Hermstad i Miljøpartiet Dei Grøne fryktar eit slikt utspel kan skapa kjøpepress, og peikar på at det også er mange som no har det svært vanskeleg økonomisk.
(©NPK)

Publisert: 20.10.2020 12:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24